Velkommen til Reksta – ei levande øy i Flora kommune, Sogn og Fjordane

Nye bilder

Hej alle på Reksta ... dansk familie leder efter Reksten familie ...

Hej alle på Reksta

Min kone søger sin gamle familie i Norge!

Sommarsol og vinnarlukke

Laurdag 12. juli var ein strålande sommardag – og basaren i Rekstakjellaren vart ein strålande suksess! Det flotte vêret gjorde truleg sitt til at ikkje fullt så mange som tidlegare år fann vegen til det gamle skulehuset på indre Reksta. Vi var likevel mange som kosa oss med kaffi, kaker, saft og masse lodd!

Det var god gammaldags basarstemning med åresal og trekking av gevinstar i alle storleikar og fasongar. Her gjekk folk lukkelege heim igjen etter eit par timars drøs – med alt frå heimespøta lubbar, huer og vottar til flytedressar og flugepisker “under armen”.

Basar i Rekstakjelleren 12. juli - 15.30

Årets basar går av stabelen førstkommande laurdag kl. 15.30.

Det blir kaffi, kaker, loddsal og trekning av turbøker.

Onsdagstur over Reksta

- Dette var fantastisk flott! – For eit fint turterreng! – Eg er jammen glad eg blei med på denne turen! Slike tilbakemeldingar fekk vi etter at 33 turglade Sunnfjordingar var med og gjekk Reksta på langs i ettermiddag.

Det var Flora Turlag sin onsdagstur som gjekk frå Selvåg i aust til Rognaldsvåg i vest – over Storefjellet, Vasslifjellet og Harefjellet. Vi brukte i underkant av 3 timar på turen og i følge turappen gjekk vi 7 km og til saman 550 høgdemeter opp og ned. På alle toppane er det turbøker, som fekk mange nye namn i dag, og kanskje blir det ein gevinst på ein av dei som skreiv seg i “manntalet”.

1. mai-feiring på Reksta

Eit lite, men svært engasjert 1. mai-tog snigla seg over Vasslifjellet og Storefjellet på Reksta i dag. 4 personar og 2 parolar kan skape både engasjement og godt humør!

Under parolane JA til storboss i øyane og NEI til granplanting i øyane gjekk toget med liv og lyst oppover bakkar og nedover gjel. På Storefjellet vart det halde appell, der temaet var at ingenting kjem av seg sjølv, og at vi framleis må stå saman i kampen for rettferd. Appellanten Johnny avslutta med 3 vers av Stein Over Berg sin song Ta hverandre i handa og hold:

Vått og flott i Likvikja

Kor du enn snudde deg i Likvikja på Reksta i dag, så såg du regnkledde folk. Øyfolket trassa vêr og vind og stilte mannsterke opp til påska sitt høgdepunkt – natursti og grilling i Likvikja. Vi talde heile 90 frammøtte – og det må vi vere godt fornøgde med.

Alfred var tidleg på plass med tørr ved, og hadde fyrt opp tre flotte bål i fjæresteinane. Han serverte skikkeleg bålkokt kaffi til alle. Så var det berre for oss andre å finne fram pølsene og pinnane.

Påsketrim til Likvikja

Tradisjonen tru blir det påsketrim med hjernetrim i Likvikja skjærtorsdag kl 12.

  • Natursti med 15 spørsmål
  • Bål i fjæra
  • Grilling
  • Kaffikos

Alle er hjarteleg velkomne!

Aktivitetar med god plass

Etter at skulen vart lagt ned har aktiviteten dala – også på kveldstid – i huset. Det er no to faste aktivitetstilbod i skulehuset; sirkeltrening kvar måndag og kvinneforeining / klubb den siste tysdagen i månaden. Dette er trivelege samlingspunkt, med god plass til fleire! Det er berre å hive seg med :)

Sirkeltrening kvar måndag:

Måneskinnstur til Harefjellet

I kveld var vi 5 turlystne som gjekk til toppen av Harefjellet i måneskinn. Det var litt skya, så det var godt å ha med hauelykta…

Det er alltid flott å komme opp til varden (218 moh.) og nyte utsikta, og i kveld var den spektakulær – med snø, månelys, nattleg lys frå byen i aust og frå båtar og plattformar i vest.

Biletserie med 5 bilete bla med å trykkje på pilene

Nytt år - nye turmuligheiter

Januar er tida for dei gode forsetta. For dei fleste betyr det eit mål om å bevege seg meir. Her på Reksta er det utruleg mange måtar å gjere dette på. Det er tre toppar med turbøker, der du kan registrere aktiviteten, og attpåtil vinne premie om du er heldig og ivrig nok.

Les meir og sjå bilde

Stormfullt romjulsbad på Reksta

Stormen stogga ikkje det tradisjoneller romjulsbadet i Rekstavågen. 9 friskusar trassa stormen og heiv seg ut i bølgene 1. juledag. Vindstyrken målte vi ikkje, men det var 7 grader i lufta og 7 grader i sjøen :)

Reksta Romjulslaugarlag samla kring 20 tilskodarar som fekk god underhaldning og julegløgg med tilhøyrande julekaker i ly av bua i Garden.

Biletserie med 35 bilete bla med å trykkje på pilene

Julekonserten sette julestemninga på Reksta

Årets julekonsert samla kring 90 personar i Rognaldsvåg bedehus på sjølvaste julaftan. Her vart det ein times konsert som starta med operasong av Øystein Rambøl og Amanda Rosa.

Resten av konserten stod det lokale julekoret for. Her fekk folk høyre både tradisjonelle julesongar og nye innslag, som “Har du fyr” og nederlandsk barnesong.

Biletserie med 17 bilete bla med å trykkje på pilene

Kva skjer på Reksta i jula?

Her er årets juleplakat for øya i vest – som er klar for julefest :)

Vi manglar julesnøen, men vi garanterar julestemning om du blir med på konserten i bedehuset julaftan kl 14. Øystein Rambøl og Amanda Rosa opnar konserten før Julekoret syng jula inn. Her blir det gamle og nye julesongar, solistinnslag og høgtlesing, og sjølvsagt allsong og julegløgg. Gløym heller ikkje juletrefesten 2. juledag.

Julegrantenning og basarkos

I dag starta adventstida med julegrantenning på kaia i Rognaldsvåg. Etter at lysa var tende og treet hadde fått sin song – Du grøne glitrande tre goddag – rusla dei omlag 35 frammøte sambygdinga til skulen.

I det sure vêret var det godt å komme i hus til Olaug og Vivian sin varm gløgg! Så vart det julebrødskiver, pepperkaker, kaffi og drøs rundt borda. Alfred trakterte trekkspelet slik at vi fekk synge oss gjennom mange av julesongane. Nokre fekk til og med svinga dansefoten til musevisa :)

Julegrana er klar for tenning

I dag er julegrana saga og sett opp på kaia i Rognaldsvåg. Grana er saga ved Langebakkjen og ein dugnadsgjeng fekk den på plass i foten, ved butikken på kaia.

Då er det berre å møte opp til julegrantenning på kaia kl 17 i morgong. Etterpå blir det kaffi, kaker og julegløgg + BASAR på skulen. Velkommen til eit triveleg førjulstreff!

Biletserie med 4 bilete bla med å trykkje på pilene

Julegrantenning og basar

Søndag 1. desember vert julegrana tent på kaia i Rognaldsvåg. Møt fram kl 17.00, og ver med å synge adventstida inn. (Klikk på plakaten til høgre).

Etter at juletrelysa er tende på kaia går vi opp til skulen, til eit triveleg førjulstreff. Her blir det allsong til trekkspelmusikk, og ein minibasar med flotte julepremiar :)

Rognaldsvåg bedehus 100 år

Bedehuset i Rognaldsvåg stod ferdig i 1913 etter stor dugnadsinnsats, og vart vigsla 13. november for 100 år sidan.

Styret i bedehuset inviterar til jubileumsfest laurdag 9. november 2013 klokka 16.00

All time high - Reksta på langs

Så langt i år har rundt 170 personar gått Reksta på langs, frå Selvåg til Rognaldsvåg. Signe Nordvik og Flora Turlag har lagt sin elsk på turløypene og øya, og hittil i år er det organisert 5 turar her:

Les meir og sjå foto

Reksta på langs - på ut.no

Å gå Reksta på langs, anten over eit, to eller tre fjell – eller langs sjøen er blitt populært. Flora Turlag har lagt to av sine onsdagsturar ut her i år (og dei siste åra). Sjå flotte bilde her. I tillegg arrangerte kommunen turen for sine tilsette tidleg i vår, og Helse Førde har hatt to turar no i juni. Flora Turlag arrangerer neste Rekstatur onsdag 26. juni, frå Selvåg til Rognaldsvåg.

Ytterøyane 4H har rydda og merka stiane, slik at det er lett å finne fram, og stiane er godt opptrakka. I tillegg er sørsida frå Selvåg til Rognaldsvåg – langs sjøen – merka som pilegrimsruta “Sunnivaleia”. Det ligg turbøker på Storefjellet, Vasslifjellet og Harefjellet.

Hipp hurra for ein strålande 17. mai!!!

Årets 17. mai er no feira etter alle kunstens reglar her på Reksta. Gradestokken har krope over 20 talet, vinden har vore flau og sola har så vidt kikka innom :) eit strålande 17. mai vêr!

På indre Reksta starta vi med tog til Vasslifjellet på føremiddagen. Vi var 15 muntre turgåarar som var utstyrt med både fløyte og flagg. Ved Likjevatnet var det servering av kake, champagne og jordbær. Etter ein times tur med mange fotostogg undervegs, var det heim igjen for omkledning til den store 17. mai festen i Rognaldsvåg skulehus. Heile indre Reksta køyrde dei 5 kilometrane i pynta lastebil, med høg stemning om bord :)

Biletserie med 12 bilete bla med å trykkje på pilene

17. mai feiring 2013

Alle er hjarteleg velkomne til årets 17. mai feiring i Rognaldsvåg.

Vi startar med tog kl 13.30 – og så går det slag i slag med rømmegraut, pølser, is, kaffi og masse kaker. Litt leikar blir det og tid til :)

Super påskesamling i Likvikja

Tradisjonen tru samlast folk på Reksta i Likvikja skjærtorsdag. I år var det eit strålande vêr med både påskesol og påskesnø. Mellom 150 og 200 fastbuande og hyttegjestar møttest til natursti og grilling i fjæra.

Her samlast vi i fjæra rundt 4-5 bål til svidde pølser, bålkaffi og kos. Trur det må vere ny rekord når det gjeld både folkemengde og godvêr:)

Kva skjer i påska?

Her er dei viktigaste tinga som skal skje på Reksta i påska:

Reksta

Følgt av 97 medlemmar.

Velkommen til Reksta-sona på Origo. Her kan du legge inn bilde, nytt frå Reksta og diskutere ting frå øya i vest. For å legge inn foto, komme med gode idear eller delta i diskusjonar må du vere medlem.

Kjekke sider om/frå Reksta:

Origo Reksta er ei sone på Origo. Les meir
Annonse